fredag 16. desember 2011

Skriftspråket samlar landet
Språket er ein ressurs vi drar nytte av for å kommunisere. Ein tenkjer ofte på språk som den munnlige delen av kommunikasjonssekvensen, men tekst og kroppsspråk er også språk, da disse er med når vi formidlar eller ytrar oss sjølv. To sentrale tema rundt språket er kunnskap og kultur, disse settas opp mot kvarandre. I Noreg har debatter rundt dette blåst seg opp med tanke på engelsk som smygar seg inn i det norske språket, men korleis er det eigentlig med kulturen i Noreg, når vi har to skriftspråk som konkurrerer ut kvarandre?
Forskjellige menneskjer, forskjellige meiningar
Den mest utbredte forma av det norske skriftspråket er bokmål, eller ”riksmål” som det opphavleg het. Noreg hadde vært under Danmark sitt styre, og Danmark hadde den tida vært område for de rike og velståande, København hadde vore ein studentby. De norske velståande familiane hadde fått dansk inn som hovudspråket deira. Vidare da Noreg ble sjølvstendig ville disse bygge det norske språket ut frå det danske.
Derimot kom store protester frå befolkninga boset på landet, og det var nettopp der ein fant størsteparten av befolkninga til Noreg. Ivar Aasen, kjent som nynorskens far, gikk frå sør til nord i langstrakte Noreg og samla dialektar som han skrev ned til eit skriftspråk. Dette var da landets språk, landsmålet.
Språkkrigen utan ende
Etter at skriftspråka blei oppretta har det alltid vært parter som har kjempa mot kvarandre. Det har i frå dag ein stått sterke, innflytelsesrike personar på begge sider. Wergeland på landsmålets side var klar på at eit sjølvstendig land måtte ha eit eiget skriftspråk, mens Welhaven mente vi måtte holde kontakten med Danmark gjennom å behalde det danske skriftspråket.
Saken var av høy status, den betydde mykje for befolkninga, så mykje at vaksne menneskjer kunne gå laus på kvarandre. Oktober 1913 kunne ein lese i Aftenposten at det hadde brytt ut i slåsskamp. «Jeppe på Bjerget» var satt opp på Oslo teater, som akkurat sto ferdig, og dette på nynorsk. «det likte byfolket så dårlig at de begynte å bue. Nynorskfolket reagerte tilbake, og det brøt ut en gedigen slåsskamp inne i teatersalen.» (http://fil.nrk.no, 2004)
Nynorsken forsvinner
I dag er bokmålet dels satt saman av landsmål, og dels av riksmål. I grunnskolen praktiserast bokmål som hovudmål over nesten heile landet, stort sett med unntak av de fire vestlandsfylka, og til og med der er nynorskelevane i eit mindretal.
«Ideologien til Bokmålsforbundet er i uhyggeleg grad i slekt med dei bokbåla som ein herre med bart og handlangarane hans fekk i stand midt i Europa på 1930-talet og den etniske, språklege og kulturelle reinskinga som politiske fanatikarar dreiv med på Balkan i 1990-åra.» (Einar Ådland, http://fil.nrk.no, 2004)
I sitatet over har Einar Ådland uttalt seg som leder i Askøy Mållag, bokmål tok over som hovudmål i fleire skolekrinsar rundt Askøy, han meiner bokmålforbundet har gått over streken da de har bestemt seg for at bokmål er det einaste som er optimalt og går ut for å omstille ungdom som ligger nærast nynorsken. Bokmålforbundet er overbevist om at nynorsk er eit «utdøyande» skriftspråk, mens de som brenner for nynorsken meinar det er en viktig bit av kulturen.
Norsk er norsk
Det blir sagt at språk er kultur, vidare vil det si at innflytelse frå språk kan endre kulturen. Sylfest Lomheim og språkrådet har vore uroa for at det er dette engelsken gjør når den trenger inn i språket vårt. I Noreg har vi to skriftspråk, og sjølv om det skjer endringar rundt posisjonane til disse, merker vi liten endring i kulturen vår.
Nynorsk og bokmål står nemlig ikkje like langt frå kvarandre no, som landsmålet og riksmålet gjorde den gong da språkkrigen sto på som verst. Bokmål den dag i dag er fornya betydelig med påverknad frå nynorsk. Dermed kan ein si at disse på ein måte har gått saman inn i eit skriftspråk, i staden for å skyva kvarandre bort, samtidig som at skiljet mellom landsbygda og byen har blitt mindre. 

Kjelder :
            http://snl.no/bokm%C3%A5l